|
Flott gradering for barnepartiet torsdag 08.12.
Torsdag kveld stod ein gjeng spente og konsentrerte born klare til å visa dei mange frammøtte foreldra kva dei har lært i løpet av hausten. Ein heil del slag, spark og kiai seinare kunne alle saman pryda seg med nytt belte og godord frå sensor Rune Joanesarson.
Fasiten viste at klubben har fått 18 nye medlemmer med 10. mon, 2 med 9. mon og 6. med 6. mon (grøn stripe).
Voss karateklubb gratulerer og ynskjer alle ei riktig god jol!





|